|
Vellukka Gambiakveld!

Gambiakvelden vart svært vellukka. Mykje folk var innom dørene på Herad skule denne kvelden. Vi starta med fin underholning, der 7. klassejentene viste fram ein flott dans.

Annbjørg Juliussen frå Ebotowns venner fortalte litt om arbeidet ved skulene i Ebotown i Gambia. Ho hadde med seg mykje fint som var til salg i butikken hennar. På datarommet gjekk det lysbileteframsyning frå skulen i Gambia.
Til saman frå alle tre butikkane kom det inn kr. 14.328 kr denne kvelden. Det vart ein god sum å få med seg til Afrika og bygging av den 6. skulen der.
TUSEN TAKK TIL ALLE DYKK SOM VAR MED!
'


Tur til Gøta!
Onsdag 22. september var 5, 6. og 7. klasse på tur i fine haustfargar. Nok ein tur er dermed gjennomført for å nå målet om turkopp!

Vi kosa oss på tur med bål, pølser og leik. Vi såg ei gedigen maurtue, klatra i kjempefurua og jammen kom ikkje Gjøtagubben på besøk!!



LEKSEHJELP:
Leksehjelp for 1.-4.trinn har no kome i gang. Det er mange elevar som nyttar seg av dette tilbodet, måndag eller torsdag kl.13.45 - 14.30. Per er godt nøgd med elevane sin innsats! |